Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailBoligLeieTorgetJobbOm

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Gildeskål kommune

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Ferdig som Førde-trenarNRK Sogn og Fjordane
Bjørn Totland blir erstatta av Gisle Isene som trenar for Førde Fotball sitt 3. divisjonslag for herrar. Det melder Firda.no. Spelargruppa vart orientert tysdag. Totland har kontrakt med Førde ut 2018 og skal halde fram som aldersfastlagd trenar. Førde ligg nest sist i divisjonen og har ni poeng til trygg grunn med 11 kampar att.
2018-08-14 21:11:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trailer med dynamitt fekk havariNRK Sogn og Fjordane
Ein trailer lasta med dynamitt har havarert i Amlatunnelen på riksveg 5 i Sogndal. Det er no manuell dirigering på staden, opplyser Vegtrafikksentralen i Bergen. Ein tungbilbergar er på veg. ? Det var byrja å bli litt stygge forbikøyringar og med ein lastebil med sprengstoff kan vi ikkje ta sjansar. Vi stengde tunnelen, men når brannvesenet dirigerer trafikken har har vi kontroll på at farten er låg og at det ikkje skjer trafikkuhell, seier trafikkoperatør Ronny Sleire.
2018-08-14 20:52:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 20.55 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Jan Børge Leirvik
2018-08-14 20:46:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rykkjer ut til trafikkuhellNRK Sogn og Fjordane
Politiet i Sogndal har rykt ut til eit mindre trafikkuhell i Sogndalsfjæra, der ein bilist og syklist har støytt saman. Politiet opplyser at det ikkje skal vere alvorlege skader.
2018-08-14 18:40:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Framskundar reinskearbeidNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen framskundar rutinearbeidet med å reinske ut av Fjærlandstunnelen, etter at det ramla ned steinflak i vegbana i tunnelen i går kveld. ? Etter planen skal vi gå gjennom og reinske Fjærlandstunnelen i 2019, men på grunn av det som skjedde no så vil vi få gjort det i 2018, seier driftskontakt i Sogn, Leif Henning Øyre.
2018-08-14 17:22:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klipte skilta på lastebilNRK Sogn og Fjordane
Ein lastebil fekk bruksforbod og vart avskilta under ein kontroll på Håbakken i Lærdal i dag. Verken fartsskriver eller køyretøy hadde vore til periodisk kontroll. Tre bussjåførar vart pålagde å ta vekekvil. To av desse blir melde til politiet for brot på køyre og kviletida.
2018-08-14 16:34:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fellingsløyve på reinsbukkarNRK Sogn og Fjordane
Miljødirektoratet har avgjort at det skal bli gitt fellingsløyve for minst ti reinsbukkar i Raudafjell. Det skriv Sogn Avis. Det har samanheng med kartlegginga av skrantesjuke i sone 2 i Nordfjella. Fellingsløyva blir fordelte på dei sju bygdelaga som høyrer til fjellområdet, og jakta tek til den 20. august.
2018-08-14 15:53:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dirigerer trafikken på E39NRK Sogn og Fjordane
Trafikken blir dirigert forbi på E39 ved Eide i Gloppen etter eit trafikkuhell. To vogntog har støytt saman. Ingen personar er skadde, men det er materielle skader på køyretøya, får NRK opplyst ved politiet sin operasjonssentral. Det skal vere trafikale problem på staden.
2018-08-14 11:21:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny spelar forsvinn frå SogndalNRK Sogn og Fjordane
Edin Øy byter ut Sogndal med svensk andredivisjon og klubben Ljungskile SK. Det melder klubben på sine heimesider. Øy kom til Sogndal før 2015 sesongen, men har ikkje vore sentral på a-laget. Både i 2016 og 2017 var han på utlån til Førde og Fana, medan han har vore skada store delar av årets sesong.
2018-08-14 11:20:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blir rådgjevar for ny statsrådNRK Sogn og Fjordane
Britt Dalsbotten frå Bremanger held fram som politisk rådgjevar for fiskeriministeren, også etter at Per Sandberg har valt å trekke seg. Det melder Dalsbotten sjølv på Facebook-sida si. Ho blir med det rådgjevar for Harald Tom Nesvik frå Ålesund. Dalsbotten skriv at ho er glad for å få halde fram med å jobbe for regjeringa i arbeidet med å styrke norsk sjømatnæring.
2018-08-14 10:10:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha fleire hurtigladarar NRK Sogn og Fjordane
Sunnfjord Venstre vil ha på plass fleire hurtigladestasjonar for elbil i Førde, det skriv Firda. I dag er det ein slik stasjon i kommunen. Venstre-politikarane viser til at det er veldig mange som pendlar til Førde på arbeid, og meiner det vil vere lønsamt å byggje ut fleire ladestasjonar. Kommunalsjef Trond Ueland seier til avisa at dette er ei problemstilling dei tek med seg i vidare arbeid.
2018-08-14 08:36:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengde tunnel i tre timarNRK Sogn og Fjordane
Fjærlandstunnelen på riksveg 5 mellom Skei og Fjærland var i går kveld stengd i tre timar etter at det ramla ned steinar i vegbana. Ein geolog vart kalla ut til staden for å undersøke om det kunne rase ut meir. Før tunnelen opna att like før klokka 23 vart det reinska litt stein i området der steinflaka hadde losna, opplyser Vegtrafikksentralen.
2018-08-14 07:13:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengjer vatnetNRK Sogn og Fjordane
I Måløy blir ein god del innbyggjarar utan vatn i minst seks timar i dag. Mellom anna vil ungdomsskulen i byen vere utan vasstilførsel. Fjordenes Tidende skriv at grunnen er tilkopling av ein ny hovudleidning for vatn. I tida etter at leidningen er kopla på, kan det bli litt misfarging på vatnet.
2018-08-14 06:26:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen kl 23.05NRK Sogn og Fjordane
Kveldens siste sending
2018-08-13 22:54:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Øyvor Bakke
2018-08-13 20:52:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber folk sjekke hytterNRK Sogn og Fjordane
Politiet i Høyanger og Balestrand ber hytteeigarar sjekke om dei har hatt ubedne gjester på besøk. Bakgrunnene r melding om innbrot i ei hytte ved Bergslettene i Høyanger natt til i dag.
2018-08-13 17:17:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redusert kapasitet på ferjeNRK Sogn og Fjordane
Grunna transport av farleg last blir det redusert kapasitet på ein avgang på ferjesambandet Lavik - Oppedal tysdag morgon. Dette gjeld avgangen 0950 frå Lavik. Ferja tek då maksimalt 12 passasjerar.
2018-08-13 16:26:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal skyte Norge til VMNRK Sogn og Fjordane
Elise Thorsnes frå Leikanger er med i troppen til damelandslaget sine to siste kampar i VM-kvalifiseringa i fotball. Norge møter Slovakia borte 31. august, før dei møter Nederland til rein gruppefinale 4. september. Norge er to sigrar frå VM-sluttspelet i Frankrike neste år.
2018-08-13 15:59:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny sjef for FjellsportfestivalenNRK Sogn og Fjordane
Martin Hammer er ny sjef for Fjellsportfestivalen i Sogndal. Det skriv Porten.no. Hammer kjem frå Levanger og er tidlegare langrennsløpar. Han skal vere sjef for festivalen mens Ragnhild Fagerslett er ute i permisjon.
2018-08-13 10:27:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

65 studentar utan bustadNRK Sogn og Fjordane
Tal frå Norsk studentorganisasjon (NSO) viser at 65 studentar ved Høgskulen på Vestlandet sine studiestader i Sogn og Fjordane manglar bustad. Flest er det i Sogndal der 53 studentar mangla tak over hovudet då NSO talte opp i førre veke. I Førde var det førebels 12 studentar som ikkje har funne seg ein plass å bu. På landsbasis manglar 10.612 studentar bustad. ? Behovet for fleire studentbustader er framleis veldig stort, seier Håkon Mikalsen som er leiar av NSO. Studiestart er på onsdag.
2018-08-13 09:47:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Overskot for Bremanger FjordhotellNRK Sogn og Fjordane
Driftsselskapet til Bremanger Fjordhotell gjekk i fjor med eit overskot på to millionar kroner før skatt, og håpar på vidare framgang. Det skriv Fjordenes Tidende. Omsetnaden var på kring åtte millionar kroner, som hovudsakleg kom frå utleige til næring. Hotellet vil no satse mot nye marknader som fjordhotell.
2018-08-13 08:49:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må møte i retten etter drapsforsøkNRK Sogn og Fjordane
I dag startar rettssaka mot ei kvinne i 30-åra som er tiltalt for drapsforsøk. Kvinna skal ha forsøkt å drepe ein mann ved å stikke han i ryggen ved med ein kniv. Hendinga skjedde på ei øy utanfor Florø for eit år sidan, og kvinna skal tidlegare ha vore i eit familieforhold til mannen.
2018-08-13 07:54:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann på bensinstasjon i EidNRK Sogn og Fjordane
Brannvesen og politi rykte i natt ut til bensinstasjonen Circle K på Nordfjordeid etter melding om opne flammar inne i lokalet. Brannen har truleg starta i ei oppvaskmaskin, og vart raskt sløkt, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt Per Algerøy.
2018-08-13 05:22:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Store mengder ulovlege teinerNRK Sogn og Fjordane
Fiskeridirektoratet har vore på tokt etter ulovlege teiner utanfor kysten, mellom anna i nærleiken av Florø. Resultatet er store mengder teiner som blir brukt til å fiske hummar, utan at det er lov, skriv Firdaposten. ? Vi finn fleire teiner enn vi har sjanse til å hale i land, seier inspektør Jim Anders Edvardsen i Fiskeridirektoratet til avisa.
2018-08-12 21:07:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får geologsvar i løpet av vekaNRK Sogn og Fjordane
Søndag ettermiddag var det ein geolog på Tønjum i Lærdal for å undersøkje området der det fredag kveld gjekk eit steinras. Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp) seier til NRK at kommunen vil få svar på om det blir naudsynt å gjere noko i løpet av den komande veka.
2018-08-12 20:08:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Henta ned frå fjelletNRK Sogn og Fjordane
Dei to turgåarane som sat fast i fjellet ved Undredal i Aurland har no blitt henta ned att med eit redningshelikopter, det fortel operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt. Dei to er ein mann og ei kvinne i 20-åra, og dei skal vere heilt uskadde.
2018-08-12 19:19:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sogndalspelar til svensk 2. divisjonNRK Sogn og Fjordane
Sogndalspelar Edin Øy (21) går gratis til den svenske andredivisjonsklubben Ljungskile, det skriv Sogn Avis. ? Dei verka som ein bra og profesjonell klubb. Eg trur dette kan vera bra for meg både som fotballspelar og person, då eg får ein heilt ny kvardag og startar med blanke ark, seier Øy til avisa.
2018-08-12 18:25:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redningsaksjon i AurlandNRK Sogn og Fjordane
To personar skal ha gått seg fast i fjellet i Undredalen i Aurland i Sogn, og no er eit redningshelikopter på veg til staden for å hente dei. ? Det er ein mann og ei kvinne, og dei har ikkje skada seg, dei har berre gått seg fast, seier Arve Samsonsen ved operasjonssentralen til Politiet i Bergen.
2018-08-12 17:19:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

EM ? bronse til Fredrik MyrvangNRK Sogn og Fjordane
Med eit løft på 145 kilo tok Fredrik Myrvang frå Naustdal bronse i europameisterskapen i benkpress laurdag. Naustedølen hadde også to løft på 152,5 kilo, men dei vart ikkje godkjent av dommarane.
2018-08-12 16:10:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kaupanger-spelar kan gå til RøaNRK Sogn og Fjordane
Målvakt på Kaupanger sitt damelag Linn-Mari Nilsen er aktuell for eliteserielaget Røa, det skriv Sogn Avis i dag. ? Ho skal trena med Røa frå søndag til tysdag, så tek me det derfrå. Dei er ikkje den første klubben som er interessert i Linni, og det er naturleg at ho blir lagt etter at ho gjorde det godt i EM, seier Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde, til avisa.
2018-08-12 15:00:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Geolog til Lærdal i dagNRK Sogn og Fjordane
Klokka 12.30 i dag kjem ein geolog frå NGI til Lærdal for å vurdere rasområda. Fredag kveld gjekk det to ras i Lærdal ved Tønjum og ved Jutlamannen. Geologen skal vurdere faren for fleire steinsprang ved Tønjum og sjå på skadane som elva gjorde ved rasteplassen ved Jutlamannen.
2018-08-12 11:17:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stoppa etter vinglete køyringNRK Sogn og Fjordane
I Måløy vart ein bilførar stoppa av politiet i natt. Politiet hadde fått inn meldingar om vinglete køyring. Føraren, ei kvinne i 30-åra, vart teke med til legevakt for blodprøve og politiet opprettar sak.
2018-08-12 07:53:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ålfoten og Myklebust fekk mest regnNRK Sogn og Fjordane
Ålfoten målestasjon var den staden i Sogn og Fjordane det kom mest nedbør fredag 10. august. Her kom det 55,7 mm i løpet av den regnfulle fredagen. Myklebust på Breim var nummer to på lista, her kom det 49 mm med nedbør. ? Dette er ikkje spesielt store nedbørsmengder for Sogn og Fjordane. Det var eit stormsystem som gjekk frå Sør-Noreg og gav mykje stedvis nedbør, seier Rafael Escobar Løvdahl ved Meteorologisk institutt.
2018-08-11 21:11:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fylkesveg 242 framleis stengdNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 242 mellom Aurland og Skjerdal er framleis stengt, det melder vegtrafikksentralen. Ryddearbeidet held på no og vil halde fram nokre timar til før vegen kan opnast, skriv dei på Twitter
2018-08-11 16:21:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kaupanger vann 3?0NRK Sogn og Fjordane
Damelaget til Kaupanger vann 3?0 over Amazon Grimstad i dag. Tea Berteig scora to av måla og Anna Gloppen stod for eit av dei. Kampen vart spelt på bortebane i Grimstad.
2018-08-11 15:01:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal rassikre i ÅrdalNRK Sogn og Fjordane
Neste veke skal Vegvesenet byrje med rassikring mellom Årdalstangen og Øvre Årdal, det skriv Porten.no. Ifølgje avisa er det eit omfattande arbeid som skal i gang, mellom anna med 700 meter med fanggjerde over vegen mellom dei to bygdene.
2018-08-11 13:35:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny kontrakt med BarcelonaNRK Sogn og Fjordane
Bedrifta NTP Avery Dennison i Gaupne i Luster skal ha fått ei ny kontrakt med fotballklubbe Barcelona, om å levere trykk til draktene deira. Lustrabedrifta har tidlegare elvert det same til klubben, og også til fleire andre store europeiske fotballklubbar. Denne gongen skal dei ha sikre seg ein avtale med Barcelona som går over fire år.
2018-08-11 12:03:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Spelar ballen over til bøndeneNRK Sogn og Fjordane
? Initiativet ligg no hos bondeorganisasjonane. Det sa landbruksminister Jon Georg Dale då han vitja Loen i går. Tidlegare denne veka avviste regjeringa å gje tørkeråka bønder ein krisepakke, men Dale inviterer jordbruket til ei reforhandling av sjølve jordbruksavtalen. ? Eg håpar landbruket er villige til å diskutere, seier Dale.
2018-08-11 10:18:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mogleg tjuveri i Evjegata i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Politiet stogga ein mann seint fredag kveld utanfor Kiwi i Evjegata i Florø. Mannen var mistenkt for å ha teke med seg varer frå matbutikken, og det skal og mangle varer frå ein annan butikk i nærleiken. Politiet har oppretta sak, etter å ha ransaka mannen.
2018-08-11 09:33:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Veg stengt på grunn av flomNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 693 ved Spirefossen, mellom Byrkjelo og Myklebust i Gloppen kommune er stengt. Vegen er stengt på grunn av flaum og den vil ikkje bli opna før tidlegast i morgon, melder vegtrafikksentralen.
2018-08-10 23:11:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Steinras i LærdalNRK Sogn og Fjordane
Det har gått eit ras ved Tønjum i Lærdal. Det er ingen skader på folk eller eigedom, melder politiet på Twitter. ? Vi fekk inn meldinga klokka 22.00. Det skal vere ein stor stein som har rast ned. Seks personar som er busett i området har forlate husa sine og vi er på veg til staden, seier Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
2018-08-10 22:36:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fanaråken Opp endrar løypaNRK Sogn og Fjordane
Vêrmeldinga for laurdag gjer at løypetraseen for motbakkeløpet Fanaråken Opp 2018 vert endra. Nysnø på toppen og fare for stor elv gjer at me ut frå sikkerheitsomsyn vel å flytte løpet, skriv IL Fanaråk på heimesida. Motbakkeløpet vil i morgon starte i Fortun og ha målgong ved Turtagrø, melder arrangøren.
2018-08-10 21:13:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil har fleire fruktbønderNRK Sogn og Fjordane
? No har vi fleire dømer på at det kan vere overproduksjon på sau og mjølk, og då er det fristane å oppmode folk til å legge om. Det sa fylkesgartnar Jon Anders Stavang under landbruksministeren sitt besøk i Loen i dag. ? I Nordfjord har mange gardsbruk gode tilhøve for fruktdyrking, og det gjev som regel god økonomi. Ta å vurder det, sa han.
2018-08-10 19:28:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen kl. 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleder: Øyvor Bakke
2018-08-10 18:31:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To til sjukehus etter utforkøyringNRK Sogn og Fjordane
To personar er sendt til Førde sentralsjukehus etter ei utforkøyring på fylkesveg 55 ved Porsen, i nærleiken av Skjolden i Luster. ? Det var eit eldre ektepar i bilen. Dei var oppegåande, men hadde smerter, så dei vart sendt vidare til sjukehuset for ein sjekk. Bilen er fjerna og trafikken går som normalt på staden, seier Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
2018-08-10 15:48:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ønskjer kontakt med gutegjengNRK Sogn og Fjordane
I samband med brannen på Rota tidlegare i veka ønskjer politiet i Florø kontakt med ein gutegjeng som skal ha leika med eld på kaia ved Fjord Base. Det skriv Firdaposten. ? Vi kan ikkje seie noko om ein direkte samanheng mellom brannen på Rota og denne hendinga, men politiet ønskjer å få kontakt med desse for avhøyr, seier stasjonssjef Wenke Hope til avisa.
2018-08-10 11:11:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nok ein Erdal-dobbelNRK Sogn og Fjordane
Ingen kunne gjera noko med søskena Ole Martin og Karoline Erdal under NM-skogsløp på Landsskyttarstemnet i Stjørdal. Ole Martin vann herreklassen og Karoline vann kvinneklassen. Bildet er frå Førde i fjor, då dei også gjekk til topps i konkurransen.
2018-08-10 10:06:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

21 frå fylket til NM på ByrkjeloNRK Sogn og Fjordane
21 utøvarar frå klubbar i fylket stiller til NM i friidrett på Byrkjelo neste helg. Blant desse er Thomas Mardal og Trude Raad frå Gloppen Friidrettslag, og Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø Turn og Idrettsforening. Ei liste over alle utøvarane kan du sjå her.
2018-08-10 09:14:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sogndal sender keeper på lånNRK Sogn og Fjordane
Sogndal sin reservekeeper Kjetil Haug skal spele resten av fotballsesongen på lån i Elverum. Det melder klubben på sine nettsider. Haug kom til Sogndal frå Manchester City før sesongstart, og har førebels berre vakta buret i to cupkampar. For å få speletid sender difor Sogndal keeperen til det opprykksjagande 2. divisjonslaget.
2018-08-10 08:16:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk Forsvarssjefens pokalNRK Sogn og Fjordane
Arnhild Eiken frå Hyllestad skyttarlag vart beste individuelle skyttar under samlagsskytinga i Landsskyttarstemnet i Stjørdal i går. Hyllestad-skyttaren fekk 100 poeng med sju innertiarar, og måtte i omskyting som ho vann. For denne prestasjonen mottok ho mellom anna Forsvarssjefens pokal. Eiken deltok som ankerkvinne på Sunnfjord skyttarsamlag som vart nr. 24.
2018-08-10 08:15:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ventar langt fleire erstatningskravNRK Sogn og Fjordane
Landbruksdirektør Christian Rekkedal er budd på langt fleire søknader enn vanleg på avlingsskadeerstatning. Regn både før og etter den dårlege førsteslåtten har betra fôrsituasjonen i store delar av Sogn og Fjordane. Medan fleire bønder ser ut til å berge seg på ein tredjeslått, er avlinga veldig dårleg for bønder i Indre Sogn og Stryn.
2018-08-10 06:51:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen 22.55NRK Sogn og Fjordane
Øyvor Bakke er programleiar torsdag kveld.
2018-08-09 22:21:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tente ein halv milliardNRK Sogn og Fjordane
Selskapet Melin Medical, som held til på Sandane, tente over ein halv milliard i fjor, det skriv Firda. Selskapet vart starta av danske Jesper Melin Ganc-Petersen, som sjølv tok eit utbytte frå selskapet på 142 millionar kroner. Melin Medical leverer administrasjons- og betalingsløysingar til helsevesenet.
2018-08-09 21:47:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Over 50 tilsette blir med til FlorøNRK Sogn og Fjordane
Om lag 55 tilsette blir med, når verksemda Global Fish flyttar produksjonen sin frå Egersund til Florø, det melder Firdaposten. Global Fish tek over produksjonsanlegget i Florø, som vart lagt ned av Pelagia for to år sidan. Etter planen skal arbeidet i den nye fabrikken byrje i september.
2018-08-09 21:12:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Øyvor Bakke.
2018-08-09 20:56:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politiet etterlyser to båtarNRK Sogn og Fjordane
Politiet ønskjer å komme i kontakt med førarane av to båtar, i samband med brannen på Rota, det skriv Firdaposten. Ein fråflytta einebustad brann ned til grunnen på Rota utanfor Florø tysdag kveld. Politiet har bilete av to båtar som var på fjorden i same tidsrom og dei ønskjer å komme i kontakt med dei som var om bord.
2018-08-09 19:15:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar torsdag er Øyvor Bakke.
2018-08-09 18:45:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politiet: Uhell kunne gått verreNRK Sogn og Fjordane
Bussuhellet i Stryn måndag morgon kunne gått langt verre, skriv Fjordingen. Møreekspressen frå Oslo til Ulsteinvik køyrde utfor ved Dispen like ved ei bratt skråning, med stor fare for å velte. Ingen av dei 55 passasjerane vart fysisk skadde i uhellet. Politibetjent Kurt Hammerø prisar seg lukkeleg over at bussen ikkje køyrde utfor 100 meter lenger vest.
2018-08-09 13:09:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Uproblematisk med skjenkeløyveNRK Sogn og Fjordane
Skjenkekontrollfirmaet Nordfjeldske Kontroll ser det ikkje som problematisk at Bakar Jon på Byrkjelo får skjenke alkohol i kafeen sin, i same bygg som dei også har butikk. Verksemda har søkt om skjenkeløyve, noko formannskapet i Gloppen har sagt nei til to gonger. Etter klage vart vedtaket oppheva av fylkesmannen. I ein uttale til kommunen skriv Nordfjeldske Kontroll at eit skjenkeløyve ikkje er noko problem då skjenking ikkje skjer i butikken. Formannskapet i Gloppen behandlar saka 29. august.
2018-08-09 13:07:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal treffe fruktbønderNRK Sogn og Fjordane
Fredag kjem Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) til Loen for å høyre om frukt- og bærnæringa som blir stadig betre. Statsråden skal på besøk hos Karl Ove Loen i Loen og høyre meir om Innvik fruktlager. Han seier han vil sjå korleis politikken til regjeringa har slått ut for fruktbøndene i distrikta.
2018-08-09 07:45:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Råkøyrde i VågsøyNRK Sogn og Fjordane
Ein bilførar berga så vidt lappen, men fekk 10.200 kroner i bot og tre prikkar i førarkortet under ein fartskontroll ved Totland i Vågsøy i går kveld. Bilføraren vart målt til 113 km/t i 80-sona. Det opplyser Utrykkingspolitiet til Fjordenes Tidende. I alt måtte åtte bilførarar punge ut for høg fart under kontrollen på riksveg 15.
2018-08-09 07:33:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kom til Norge utan førarkortNRK Sogn og Fjordane
Det vanka reaksjonar mot fem av 70 kontrollerte køyretøy under ein mobil trafikkontroll i Aurland, Sogndal, Flåm og Kaupanger i går. Ein bilførar blir meld til politiet for å ikkje ha sikra ein passasjer under 15 år. Ein utanlandsk førar måtte parkere bilen sidan han ikkje hadde med seg førarkort og legitimasjon på norgesturen. Tre bilførarar gebyr for manglande vognkort og bruk av bilbelte.
2018-08-09 06:04:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen onsdag 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar onsdag er Øyvor Bakke.
2018-08-08 18:48:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

A-kraft med underskotNRK Sogn og Fjordane
A-kraft i Lærdal har sjudobla driftsinntektene på tre år. Samstundes har underskotet auka, det melder Sogn Avis. Dagleg leiar Ørjan Bøyum seier at underskotet er etter planen, og at det vil bli dekka inn av morselskapet Lærdal energi. Han håpar at dei vil klare å gå med overskot frå og med inneverande år.
2018-08-08 16:56:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opprettar ikkje sak etter slagsmålNRK Sogn og Fjordane
Politiet har ikkje oppretta sak etter slagsmålet på Harastølen i helga. 20 til 30 personar var involvert i det som politiet omtalar ein fest som enda med nokre av dei på staden knuffa og slåst. Ingen av deltakarane har politimeld hendinga og derfor legg politiet vekk saka.
2018-08-08 12:49:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bakkebø til Innovasjon NorgeNRK Sogn og Fjordane
Leon Bakkebø frå Dale er tilsett som ny finansieringsdirektør i Innovasjon Noreg. ? Dette er ein utfordrande og spennande jobb. Eg gler meg til å bli ein del av eit offensivt og kompetent lag som skal utgjere ein positiv skilnad for eit framtidig sterkt og innovativt norsk næringsliv, seier han i ei pressemelding. Det siste året har Bakkebø vore leiar av Sogn og Fjordane Næringsråd. Han startar i den nye stillinga 1. oktober.
2018-08-08 08:53:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opprettar forskingsinstituttNRK Sogn og Fjordane
? Sogn og Fjordane har sakna eit bransjeretta kompetansemiljø med tyngde eller kapasitet innan marin næring, seier Randi Humborstad som i dag presenterer planane om eit marint forskingsinstitutt i Måløy. Ho seier at senteret skal legge grunnlag for ein heilt ny generasjon marint næringsliv i fylket.
2018-08-08 08:47:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny siger for Noreg og BellNRK Sogn og Fjordane
Førde-spelar Kristian Bell fekk ein halvtime som innbyttar då Noreg sitt G16-landslag i fotball tok sin andre siger i ope nordisk meisterskap i går. Vertsnasjon Færøyane vart slått 2-0 etter to mål av Rosenborg-spelar Robin Skrogstad. Med sigeren er Norge klar for gruppefinale mot Island i morgon, torsdag.
2018-08-08 05:09:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redusert framkomst på Rv. 5NRK Sogn og Fjordane
Det er redusert framkomst på Rv. 5 ved Kjørnes i Sogndal kommune grunna eit vogntog med motorproblem. Det opplyser Vegtrafikksentralen
2018-08-07 21:13:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann i einebustad på RotaNRK Sogn og Fjordane
Det brenn i ein einebustad på øya Rota nord for Florø sentrum. Vest politidistrikt opplyser på Twitter at huset mest truleg ikkje er busett, og det er ikkje observert personar i eller ved huset. Alarmsentralen i Sogn og Fjordane opplyser at brannvesenet har kome fram til brannen. Det er ikkje annan busetnad i nærleiken.
2018-08-07 20:35:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Turistbuss fekk fire bruksforbodNRK Sogn og Fjordane
Ein svensk turistbuss fekk fire bruksforbod etter ein kontroll på Skei i Jølster tysdag. Bussen frakta 17 asiatiske passasjerar. I kontrollen vart det mellom anna klart at transportselskapet ikkje hadde løyve til persontransport internasjonalt. Føraren hadde også brote bestemmingane for køyre- og kviletid.
2018-08-07 20:04:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar tysdag kveld er Øyvor Bakke.
2018-08-07 18:42:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna etter stengingNRK Sogn og Fjordane
Fjærlandstunnelen på riksveg 5 mellom Skei og Fjærland er opna att.
2018-08-07 18:12:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengd tunnel på riksveg 5NRK Sogn og Fjordane
Fjærlandstunnelen på riksveg 5 mellom Fjærland og Skei er stengd, melder Vegvesenet. Dei har fått melding om stein i vegbana og har sendt entreprenøren ut for å rydde opp. Truleg vil det ikkje gå lang tid før tunnelen opnar att.
2018-08-07 17:41:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde-skyttar på 16. plassNRK Sogn og Fjordane
Tre skyttarar frå fylket deltok i dag i klassa veteran 55 år under landsskyttarstemnet i Stjørdal. Totalt deltok nærare 400 skyttarar. Ove Grimsbø frå Førde blei nummer 16 med 344 poeng av 350 moglege, Leiv Reksten frå Nordbygda og Rand hamna på 28.-plass, medan Arvid Brennset frå Leikanger blei nummer 36. Begge oppnådde 342 poeng.
2018-08-07 13:55:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blir stengt for breie køyretøyNRK Sogn og Fjordane
E39 på strekninga Bjørset-Skei blir grunna omlegging av vegen stengt for køyretøy med breidde over 3,3 meter. Dette blir i første omgang gjeldande ut 2018, opplyser Vegtrafikksentralen. Ordninga tek til å gjelde frå kl. 15 i dag. Dei fleste vanlege vogntog har ei breidde mellom 2,5 og 2,6 meter.
2018-08-07 13:05:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tok femteplassNRK Sogn og Fjordane
Ingvild Eikevik frå Sogndal tok i dag ein femteplass i finalen i klasse rekrutt under landsskyttarstemnet i Stjørdal. Ho fekk 348 poeng av 350 moglege. Totalt deltok kring 350 skyttarar i denne klassa. Mathilde Håvåg Wergeland frå Oppedal/Brekke blei nummer 12 og Kristin Husum frå Leikanger nummer 18. Begge oppnådde 347 poeng.
2018-08-07 12:40:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilt ferjeruteNRK Sogn og Fjordane
C-ruta på ferjesambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes er inntil vidare innstilt på grunn av tekniske problem, opplyser Vegtrafikksentralen.
2018-08-07 11:50:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gjer undersøkingarNRK Sogn og Fjordane
Arbeidstilsynet gjer i dag rutinemessige undersøkingar etter arbeidsulukka ved skipsverftet Havyard i Leirvik i går. Ein 30 år gammal mann vart kritisk skadd då han fall ned ei trapp. Tilstanden hans blir no skildra som stabil, ifølgje politiet. Regiondirektør i Arbeidstilsynet, Borghild Lekve, seier dei førebels ikkje har så mykje informasjon om hendinga.
2018-08-07 11:07:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sundafjellstunnelen opna igjenNRK Sogn og Fjordane
Sundafjellstunnelen på riksveg 5 er opna igjen, opplyser Vegtrafikksentralen. Tunnelen var stengt ein kort periode fordi der var ein gåande i tunnelen.
2018-08-07 10:13:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vedvik konkurrerer i EM i kveldNRK Sogn og Fjordane
Marius Vedvik frå Førde spring i kveld 10.000 meter på Olympiastadion i Berlin. Vedvik er einsam svale frå fylket i den norske EM-troppen i friidrett, og blir også einaste nordmann på startstreken klokka 20.20.
2018-08-07 09:15:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjåfør meld for lite søvnNRK Sogn og Fjordane
Fire yrkessjåførar hadde brote regelverket for køyre og kviletid då dei i går og i natt vart vinka inn til kontroll ved Håbakken trafikkstasjon i Lærdal. For den eine sjåføren vart brotet så alvorleg at han vart meld til politiet. Ytterlegare fire køyretøy fekk bruksforbod for sikring av last, lengd og hinder i frontruta.
2018-08-07 05:56:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Høgt fokus på tryggleikNRK Sogn og Fjordane
? Vi ønskjer ingen ulukker her på verftet. No må vi sjå kva som har skjedd i denne saka. Vi har høgt fokus på tryggleik, seier dagleg leiar Lasse Stokkeland ved Havyard sitt verft i Hyllestad til BT.no. Ein 30 år gamal mann er kritisk skadd etter ei fallulukke på ein båt ved verftet tidlegare i dag.
2018-08-06 22:29:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hadde over 200 gram hasjNRK Sogn og Fjordane
Ein sunnfjording i 20-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 45 dagar for narkotikalovbrot. Mellom anna selde mannen ti gram hasj, og oppbevarte 230 gram hasj då han vart pågripen for eitt år sidan. Mannen vart også dømd for å ha brukt narkotika. Til frådrag i fengselsstraffa kjem varetektsfengsling i to dagar.
2018-08-06 22:20:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Øyvor Bakke.
2018-08-06 20:55:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dyrka marihuana ? må i fengselNRK Sogn og Fjordane
Ein nordfjording i 50-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 60 dagar. I oktober i fjor fann politiet sju cannabisplantar og 12 stiklingar i heimen til mannen. Han vart også funnen skuldig i å ha dyrka fram 30 gram marihuana. I tillegg til straffa tek politiet beslag i både plantar og dyrkingsutstyr.
2018-08-06 16:47:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Arbeidsulukke i HyllestadNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 30-åra er frakta til sjukehus med luftambulanse etter ei arbeidsulukke i Hyllestad. Det skriv Vest politidistrikt på Twitter. Mannen skal ha falle ned ei trapp. Til Bergens Tidende seier politiet at mannen var medvitslaus og at han er alvorleg skadd. Arbeidstilsynet er varsla om ulukka og ulukka skal ha skjedd ved eit skipsverft i Hyllestad.
2018-08-06 13:21:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Buss av vegen i OppstrynNRK Sogn og Fjordane
Like før klokka 6 i dag tidleg køyrde Møreekspressen av vegen og ut på eit jorde ved Dispen i Oppstryn. Det skriv Fjordingen. Marknadssjef i Nettbuss Svein-Arne Vik seier til avisa at ingen vart skadde i utforkøyringa. Årsaka er ikkje kjend.
2018-08-06 10:35:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fjord1 må kansellereNRK Sogn og Fjordane
Grunna tekniske problem må Fjord1 kansellere avgangar på ferjesambandet Anda - Lote i Nordfjord. Dette gjeld avgangane 0640 og 0720 frå Anda, og 07.00 og 07.40 frå Lote. Fjord1 opplyser at dei har hatt straumproblem med Gloppefjord, men at dei reknar med at problema er ordna slik at sambandet vil gå som normalt frå klokka 08.
2018-08-06 06:56:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trur på Målrock 2019NRK Sogn og Fjordane
Over 3.000 publikumarar tok i helga turen til Målrock i Årdal. ? Som venta, seier festivalsjef Thomas Norheim Moen. Arrangørane har berre fått positive tilbakemeldingar frå festivalpublikumet og artistane. Sjølv med sviktande billettsal to år på rad, er festivalsjefen optimist med tanke på Målrock 2019.
2018-08-06 06:37:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Høg fart i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Ein bilførar har i kveld mista førarkortet ved Brandsøy bru i Flora kommune. Sjåføren blei stoppa i ein laserkontroll i 60-sona etter å ha blitt målt til 91 km/t.
2018-08-05 23:41:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blir invadert av vepsNRK Sogn og Fjordane
Indre Nordfjord opplever vepseinvasjon i sommar, skriv Fjordingen. Økolog Stefan Olberg seier til avisa at mengda av veps varierer frå år til år og frå stad til stad. ? Vêret er viktig, men også tilgangen på mat gjennom sommaren, seier han. Er du plaga av veps? På nrk.no får du gode råd som får han til å stikke av.
2018-08-05 15:16:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Normal drift på Vangsnes-DragsvikNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik er no tilbake i normal drift etter at C-ruta tidlegare var innstilt grunna tekniske problem.
2018-08-05 11:32:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tekniske problem på ferjesambandNRK Sogn og Fjordane
C-ruta på ferjesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik er innstilt inntil vidare grunna tekniske problem. Det melder Fjord1.
2018-08-05 10:59:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Andreplass for Thingnes BøNRK Sogn og Fjordane
Johannes Thingnes Bø kom på andreplass i skiskyttarsprinten på rulleski under Blinkfestivalen i Sandnes i går, bak Vetle Sjåstad Christiansen. Ole Martin Erdal frå Førde vart nummer 12. I langrennssprinten kom Gjøran Tefre frå Førde på fjerdeplass.
2018-08-05 10:29:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slagsmål ved HarastølenNRK Sogn og Fjordane
10 ungdomar skal ha vore involverte i eit slagsmål ved Harastølen i Luster i natt. Det skriv Firda. ? Situasjonen var litt uoversiktleg, men det verkar å ha vore usemje mellom ulike gjengar. Aksjonen vart avslutta, men politiet vil følge opp saka, seier Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til avisa. Politiet fekk melding om hendinga klokka 02.30.
2018-08-05 10:01:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Plukka opp rusa kvinne frå sjøenNRK Sogn og Fjordane
Politiet måtte i går plukke opp ei rusa kvinne som hadde falle på sjøen i samband med Kystfestivalen i Kalvåg. Det skriv politiet i Bremanger på si Facebook-side. Politiet skriv vidare at det vart ein forholdsvis roleg kveld sett med politiauge.
2018-08-05 09:14:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke ved NaustdalNRK Sogn og Fjordane
Ein bilførarar vart frakta til sentralsjukehuset i Førde etter ei trafikkulukke på Rv. 5 med Naustdal klokka 05.17 i dag tidleg. Det opplyser Helse Førde AMK på Twitter. Føraren var åleine i bilen, og det var ikkje andre bilar involvert i ulukka.
2018-08-05 08:11:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Flåm Zipline opnaNRK Sogn og Fjordane
Nordens lengste zipline vart opna i Flåmsdalen i dag. Aurland-ordførar Noralv Distad stod for opninga.
2018-08-04 17:05:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Underskot for NorsunNRK Sogn og Fjordane
Solcelleproduksjonsselskapet Norsun i Årdal fekk eit driftsunderskot på 40 millionar kroner i fjor, skriv Finansavisen. Årsaka skal vere prispress på råvarer og tekniske utfordringar. ? Vi fekk store utfordringar etter at vi installerte nytt produksjonsutstyr i fjor, noko som førte til redusert omsetnad og eit svakare resultat, seier administrerande direktør Svenn Ivar Fure.
2018-08-04 10:19:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

- Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.